Nye skiver og bøker


flere skiver og bøker...

Våre podkaster


flere podkaster ...

Skiver du bør ha


flere anbefalte skiver...

Våre beste klipp


flere filmer...

Ledere og debattinnlegg


flere debattinnlegg...

Konserter

Tradisjon og improvisasjon

KAPELLANKÅKEN, VOSS, TORSDAG 2. MAI 2024: Ein sit alltid att med ei kjensle av å ha vore med på noko nytt etter ein solokonsert med Berit Opheim. Sjølv om noko av materialet kan gå att frå den eine konserten til den andre, så er det alltid ein ny vri.

Konserten på torsdag var sett saman av seks medlyar, alle med svært spanande kombinasjonar. Ikkje berre er kombinasjonane i seg sjølv musikalsk og tekstleg interessante, men Opheim bind dei ulike delane saman på fascinerande vis. Ja, det er oftast slik at ein er mest forlikt i dei improviserte overgangane. Stundom er desse overgangane meir enn nettopp overgangar. Dei blir til eigne låtar der Opheim lar seg inspirera til å utvikla idear og fraser til sjølvstendige stykke. Det er også i dei improviserte sekvensane at Opheim briljerer vokalteknisk. Ingen brukar dynamikken som Opheim, og nokre av fraseringane kunne minna om Ella Fitzgerald i sakte tempo.

Som sagt var materialet sett saman av kjende heimelspersonar, mange av desse frå Voss og grannebygdene, men denne gongen sette Opheim det lokale stoffet saman med anna tradisjonsmateriale som gav nye perspektiv. Eit høgdepunkt var St. Sunniva-hymnen (rekonstruert av Alf Tore Hommedal) i kombinasjon med nokre lokale tonar, m.a. balladen «Vesle fuglen» med tone etter Olav Sande. Både her og og i opnings- og avslutningsstykka tok Opheim det same grepet med å la det eine stykket omkransa dei andre. På dette viset skapte ho ein heilskap og eit samband som gav dei ulike delane ein ekstra dimensjon. Ein vakker konsert på årets første varme vårdag.

Tekst: Lars Mossefinn
Foto: Jan Granlie


Berit Opheim